Butikken ligg i Tunet midt i Øystese "sentrum". Tunet er eit lite senter med kafé, bank, klesbutikk for voksne damer og barn, gullsmed, bokhandel, Helse og Trivsel butikk, matvare butikk og oss bloma butikken.

Me, Per og Wenche kjøpte butikken på hausten i 2002 og hadde vår fyrste salgsdag i butikken 1. Oktober 2002. Det var veldig moro og litt skremmande…

Per jobbar i bransjen hjå Primaflor i Bergen. Han pendlar att og fram kvar dag, og med ferske, fine planter og snitt blomar i bilen på veg heim, vil me sei at me har eit ferskt utval i butikken.

Wenche jobbar fast kvar dag i butikken og er dagleg leiar. Ho fekk fagbrev i august 98 - 5 år sidan.

Då me overtok butikken flytta me frå Bergen og inn hit til Hardanger Øystese. Wenche er opprineleg frå Fykse og flytta "Heim" og Per er Bergensar. Me trivest kjempe godt her og er veldig glade for at me" tok sjansen" og kjøpte butikk. June og Ingrid jobbar kvar sine dagar saman med Wenche. Dei har jobba mange år i bransjen og har vert ein stor resurs for oss i begynnar fasen på mange områder!!!!!
June er sprek, dansk 60 åring, gift med Arne som er grunn til at ho havna i Øystese.
Ingrid er enda i 50 åra (Sprek 50 åring…)Busatt i Øystese men med Rogalands sleng i dialekten.<br> Me trivest kjempe godt i lag på butikken og står klare til å hjelpa deg.

I Januar 03 pussa me opp butikken. Reiv ned veggar, satte opp nye, mala masse og flytta rundt på det meste. Kjøpte ny innreiing gjorde me også så butikken vart kjempe fin… Fortsatt er det ein del me har lyst å gjera, men tida har enda ikkje strekt til. Men fint er det blitt syns me og finare skal det bli.

VELKOMEN TIL OSS