Hei og velkomen til Min blom si heimeside.

Midt i vakre Hardanger,omkransa av fjord, fjell og Folgefonna finn du oss.
Min blom. I 2002 kjøpte dagleg leiar, Wenche Rykkje, butikken som ligg i Tunet senter i Øystese og det har alt gått 10 år, men når ein kosar seg, flyr tida fort. For blomsterfaget er eit triveleg yrke som det er lett og ha kjærleik og yrkes stolthet til. Det er godt og kunna hjelpa folk i livets store og små stunder, i gleda og i sorg.
Når du stikk innom Min blom, møter du enten Kristina eller Wenche bak disken, me er begge faglærde jenter. Kristina fekk fagbrev i 2011 etter to års læretid i brdrifta og Wenche har hatt fagbrev sidan 1998.

Som Interflora medlem kan me hjelpa deg di blomehelsing her heime i nærmiljøet eller me kan formidla din blomstrande omtanke til resten av landet og verden via vårt formidlinsystem.

Stikk innom eller bestill her på vår heimeside. Me trivest også godt med og delta i Interflora sine fag og mesterskap.Dette har resultert i to publikumsprisar,fire medaljar og tre NM deltakingar. Her lærer me mykje, vert inspirerte og held oss oppdatert på nye trendar. Ei av mine store blomsteropplevingar var og få reisa til Shanghai i Kina og heia fram regjerande verdensmeister i blomterdekorering, Stein Are Hansen!!!! DET VAR MORO DET!!!!

Livet,dagane,gleda,sorga.
Kvar dag sin blom.

Velkomen til oss
Blomaklem
frå Wenche og Kristina